På norsk heiter det veps, på engelsk heiter det wasp. Nokon seier kross, andre seier kors. Kvifor byter somme lydar plass? Språkvitar Helge Dyvik forklarar fenomenet metatese.
Musikaren Dannyboy frå Holmlia er lei av ordet kebabnorsk. Sjølv kallar han språket sitt dialekt. Men kvalifiserer hans norske variant til dialektstatus?
Diblar du? Verbet 'å dible', som truleg er det ferskaste ordet her til lands blei kokt fram ved MK-lab'en ved Elvebakken videregående skole i Oslo. Elevane Ingrid Myhr og Frida Hambro Angell fortel oss kvifor.
Er lapskaus eit norsk ord? Sylfest Lomheim bryner seg på lyttarspørsmål-
Denne sendinga er eit gjenhøyr frå 18. oktober i fjor.
↧