- Me føler oss diskriminerte, seier bokmålsbrukar Anita Høgquist.
- Me har ikkje råd til fleire klasserom, seier ordførar Nils Martin Oddland.
Med opplæringslova i ryggen krev foreldre i nynorskkommunen Meland ein eigen bokmålsklasse for femten 6-åringar ved Vestbygd skule til hausten. Men kommunestyret har vedteke at borna skal flyttast til naboskulen for å få undervisning på bokmål. Argumentet er penge- og plassmangel.
Bryt Meland kommune lova? Og er det verdt kampen når sløyden lyt brukast som klasserom?
Somme tider blir café til cafè. Kaffien smakar truleg likt begge stader, men uttalen blir ganske ulik.
- Er det ingen som kan forskjellen på gravis- og akuttteiknet no til dags? spør ein lyttar.
Språkvitar Helge Dyvik forklarar gjerne skilnaden, men trur ikkje morgondagens nordmenn blir flinkare til å velje rett aksent.
Kva betyr eleison i Kyrie Eleison? Sylfest Lomheim svingar innom bibelen når han kastar seg over lyttarspørørsmåla.
↧