Namnet skjemmer ingen, i det minste ikkje slik det gjorde før.
No gjer det oss ingenting om etternamnet stammar frå ein fattigsleg husmannsplass. I dag skal etternamna våre helst vere unike og sjeldne.
Det fortel Solveig Wikstrøm. I masteroppgåva si undersøkte ho kva etternamna tyder for identiteten vår, og svara ho fekk gav fagmiljøet bakoversveis.
- 'Eg vil ikkje hulluke deg', sa mor til ein lyttar som hadde ein dårleg dag. Kva tyder dette uttrykket, og kva kjem det av?
Tor Erik Jenstad i Norsk Ordbok finn fleire variantar, og mange svar.
Når brukar ein endinga -ing og når brukar ein -ning? Driv ein forskar med forsking eller forskning? Sylfest Lomheim sit klar med ein bunke lyttarspørsmål.
↧
Språkteigen 21.02.2010
↧
Språkteigen 28.02.2010
Slik seier dei 'eg elskar deg' på Pandora. Men kva meir seier dei?
Na'vi-språket er snart like polulær som filmen det blei skapt for, men då lingvist Paul Frommer skapte språket, stogga han etter berre 1000 ord. Det er på langt nær nok for ein fanskare som gjerne vil snakke med kvarandre på Avatar-språket.
Kvifor har Gudbrandsdalen fått bestemt form medan Numedal er ubestemt?
Stadnamnekspert Inge Særheim leitar etter forklaringa i seinmellomalderen.
Kva er ein nagenpilt? Sylfest Lomheim sit klar med ein ny bunke lyttarspørsmål.
↧
↧
Språkteigen 07.03.2010
- Me føler oss diskriminerte, seier bokmålsbrukar Anita Høgquist.
- Me har ikkje råd til fleire klasserom, seier ordførar Nils Martin Oddland.
Med opplæringslova i ryggen krev foreldre i nynorskkommunen Meland ein eigen bokmålsklasse for femten 6-åringar ved Vestbygd skule til hausten. Men kommunestyret har vedteke at borna skal flyttast til naboskulen for å få undervisning på bokmål. Argumentet er penge- og plassmangel.
Bryt Meland kommune lova? Og er det verdt kampen når sløyden lyt brukast som klasserom?
Somme tider blir café til cafè. Kaffien smakar truleg likt begge stader, men uttalen blir ganske ulik.
- Er det ingen som kan forskjellen på gravis- og akuttteiknet no til dags? spør ein lyttar.
Språkvitar Helge Dyvik forklarar gjerne skilnaden, men trur ikkje morgondagens nordmenn blir flinkare til å velje rett aksent.
Kva betyr eleison i Kyrie Eleison? Sylfest Lomheim svingar innom bibelen når han kastar seg over lyttarspørørsmåla.
↧
Språkteigen 14.03.2010
Norden har fått sin aller fyrste språkkoordinator, norske Bodil Aurstad.
Ho ynskjer seg ei nordisk barneordbok, eit nordisk språkbarometer, og ei meir motiverande undervisning i nabospråk.
Kvifor treng Norden ein språkkoordinator? Kva skal koordinerast?
Kvifor heiter det Bjerkreim på papiret og Bjerkrei på tunga?
Stadnamnekspert Inge Særheim sit på svaret.
Heiter det timevis eller timesvis? Den mystiske fuge-s'en er ikkje enkel å forklare, men Sylfest Lomheim gjer eit tappert forsøk.
↧
Språkteigen 21.03.2010
Finst halvemålet framleis? Seier nokon framleis 'esten ass Ans' i staden for 'hesten hans Hans'? Blir Aud, Ester og Espen framleis kalla Haud, Hester og Hespen?
Ein gong i tida snakka ein halvemål frå Sunmøre til Bergen, men i løpet av 1900-talet blei dette dialekttrekket latterleggjort og undertrykt.
- Du skal leite godt for å finne halvemålet i dag, seier språkforskar Helge Sandøy.
Så Språkteigen leita. Bli med til Alnes utanfor Ålesund, på jakt etter 'esten ass Ans'.
↧
↧
På leit etter halvemålet, 1959. Språkteigen spesial, 21.03.2010
Halvemålet var knapt i bruk då reporter Arne Græsdal vitja øyene utanfor Sunmøre i 1959. I dette programmet oppsøkjer Græsdal dei som framleis snakkar halvemål, og han ser nærare på fenomenet.
↧
Språkteigen 28.03.2010
Jo visst kan du gresk og latin!
Dette er tittelen på Vibeke Roggen si nye bok, der ho viser korleis me kan kjenne att norske ord som kjem av latin og gammalgresk.
- Visste du at ordet mus kjem frå latin? spør Roggen.
- Og mobiltelefon kjem av latinske mobilis/bevegeleg, og greske fon/lyd og tele/langt unna.
Men korleis kjenne att gresk og latinsk i norsk? Fyrsteamanuensis Vibeke Roggen gir lyttarane eit lynkurs.
- Handskrifta er i ferd med å døy ut, spådde nyleg frå ein dansk framtidsforskar. Kva trur Språkteigen sine lyttarar?
↧
Språkteigen 04.04.2010
Kor mange r'ar finst det der ute? Er rulle-r'en i ferd med å pensjonere seg? Kvifor skarrar ein på beste vestkant i Oslo?
Kven oppsøkjer Språkteigen når det kjem inn spørsmål som dette? Jau, professoren som har skrive ei heil bok om lyden, Arne Torp.
↧
Språkteigen 11.04.2010
Det vesle Ruija-språket
Eitt av våre minste språk er utan ordbøker og grammatikk, men torsdag fekk kvensk ei eiga talespråksamling, Ruija-korpuset.
Sommaren 2007 var språkforskar Pia Lane på jakt i Finmark, væpna med mikrofon. Resultatet blei 39 timar med opptak på kvensk, og 6 timar på norsk.
Torsdag var Språkteigen fluge på veggen under feiringa ved Universitetet i Oslo.
Snakkar du Oslodialekt? Vil du bidra i eit forskingsprosjekt? Du er berre eit tastetrykk unna.
I desse dagar blir ei heilt ny språkundersøking lansert i Aftenposten si nettutgåve. Bak undersøkinga står stipendiatane Ingunn Indrebø Ims og Karine Stjernholm, som skal bruke resultata i si forsking på Oslodialekta.
Kvifor seier me at melk er godt, men at melka er god? Sylfest Lomheim bryner seg som vanleg på finurlege spørsmål frå lyttarane.
↧
↧
Språkteigen 18.04.2010
Janne Bondi Johannessen og Signe Laake fann gull då dei reiste på skattejakt i USA.
- Veit du kva travle betyr? Og kva med røvern?
Høyr språkforskarane fortelje om emigrantnorsken i Midtvesten.
I tillegg får du høyre ein liten skatt frå NRK-arkivet, der den norskamerikanske professoren Einar Haugen gjenfortel historier på dialekt frå Midtvesten på 30-talet.
↧
Språkteigen, gjenhøyr frå 18.10.2009
På norsk heiter det veps, på engelsk heiter det wasp. Nokon seier kross, andre seier kors. Kvifor byter somme lydar plass? Språkvitar Helge Dyvik forklarar fenomenet metatese.
Musikaren Dannyboy frå Holmlia er lei av ordet kebabnorsk. Sjølv kallar han språket sitt dialekt. Men kvalifiserer hans norske variant til dialektstatus?
Diblar du? Verbet 'å dible', som truleg er det ferskaste ordet her til lands blei kokt fram ved MK-lab'en ved Elvebakken videregående skole i Oslo. Elevane Ingrid Myhr og Frida Hambro Angell fortel oss kvifor.
Er lapskaus eit norsk ord? Sylfest Lomheim bryner seg på lyttarspørsmål-
Denne sendinga er eit gjenhøyr frå 18. oktober i fjor.
↧
Språkteigen 02.05.2010
Språkråd og regjering har erklært krig mot byråkratspråket. Men skjer det noko?
Me vitjar eit departement som vil byråkratspråket til livs!
Våren 1963 blei Donald forvist frå Deichmanske bibliotek i Oslo. Me mimrar om den gongen språkstriden inntok Andeby.
Kva er skilnaden på Hordaland og Hordland, Hedmark og Hedemark? Stadnamngranskar Inge Særheim svarar lyttarane.
Finst det eit tyske, sidan det finst utyske? Sylfest Lomheim har svaret.
↧
Språkdebatt, Litteraturhuset, 3. mai 2010
'Det norske språket i endring' var tema for ein språkdebatt i Oslo mandag. I panelet sat språkvitar Helene Uri, språkkonstabel Per Egil Hegge og Lubna Jaffery Fjell, statssekretær for Ap i Kulturdepartementet.
Programleiar i P2-sendinga var Arild Opheim.
↧
↧
Språkteigen 09.05.2010
Kvifor elskar mange politikarar ord som FOKUS, GREP og I FORHOLD TIL?
- Det er som en epidemi. Den spres via Dagsnytt 18. Symptomene er tre små ord som puttes inn i enhver sammenheng og gjør ellers kurante setninger om til meningsløst babbel. Audun Lysbakken (SV) er hardt rammet.
Dette skreiv kommentator Kjetil Bragli Alstadheim i Dagens Næringsliv etter ein spontanspørjetime der statsråden brukte 'i forhold til' i nesten kvart einaste svar. Kva har Audun Lysbakken å seie til sitt forsvar?
↧
Språkteigen 16.05.2010
Beef, fashion, conversation, og complaint er fire av over 10 000 franske ord i det engelske språket. Det kan me takke ein maktsugen normannar for. Språkforskarar Kristin Bech og Christine Meklenborg Salvesen fortel meir om frontkollisjonen mellom gamalengelsk og gamalfransk.
↧
Språkteigen 23.05.2010
Kvifor har me tre grammatiske kjønn i norsk når dei klarar seg fint med to i fransk og berre eitt i engelsk?
Då 13 år gamle Agnes kontakta oss med sine funderingar, tok Språkteigen kontakt med professor Helge Sandøy.
Han må 6000 år attende i tid for å finne svar på spørsmåla hennar.
↧
Språkteigen 30.05.2010
Kva tenkjer eldre kvener i dag om at dei slutta å snakke kvensk med borna sine?
Kven og språkforskar Pia Lane var vaksen før ho skjøna at heimstaden Bugøynes var tospråkleg. No samanliknar ho gamle og nye intervju frå heimstaden for å skjøne kvifor kvenene la vekk morsmålet.
↧
↧
Språkteigen, gjenhøyr frå 06.12.2009
I dette gjenhøyret frå 6. desember 2009 tek Språkteigen opp sj-lyden:
- Hvorfor kan jeg si Osjlo på lufta, men ikke musjlim?
Nils Johan Halvorsen i NRK Østlandssendingen starta ein heftig interndebatt i NRK om sj-lyden.
Språkkonsulent Ruth Vatvedt Fjeld forklarar kva som ligg bak avgjerda.
↧
Språkteigen 13.06.2010
Språkteigen har eit systerprogram i aust, og det er på høg tid med eit kaffislabberas. Me får besøk av programvert Anna Lena Ringarp i 'Språket i P1'. Ho fortel om svensk språkengasjement, om svenskar sitt syn på norsk, om nordisk språkforståing og om dialektbruk i SR.
Kva kjem forresten ordet fika frå?
↧
Språkteigen 20.06.2010
Kva betyr namnet Norge? Teoriane er mange, men professor Arne Torp er sikker i si sak. Norge kjem av Norðrvegr, 'vegen mot nord'.
Men i fleire dialektar heiter det Nåri og Norig. Kan ikkje det komme av 'riket i nord'?
↧